-
Lågaste straumrekning på fem år for nordlendingar
18. april 2025
Høg vasskraftproduksjon og mykje vatn i magasina til dei nordnorske vasskraftverka har ført til ei billeg straumrekning for nordlendingane.
For ein hushaldning i vårt område med eit gjennomsnittleg straumforbruk vart straumrekninga for mars på omtrent 1.030 kroner, skriv Avisa Nordland.
Ifølge Fornybar Norge sin straumprisindeks er dette den lågaste smars-rekninga i Nord-Noreg sidan 2020. Fordi mars var ein kaldare månad i Nord-Noreg enn i februar, auka forbruket i landsdelen.
-
Vil støtte internasjonal skule i Bodø
18. april 2025
Bodø kommune har blitt spurt om å støtte etablering av ein internasjonal skule i Bodø, med eit lån på tre millionar kroner, skriv Avisa Nordland.
Bodø International School (BOINT) har søkt kommunen om økonomisk bistand for etablering og berekraftig utvikling av ein internasjonal skule i Bodø.
For å realisere oppstart hausten 2025, er ekstern finansiering avgjerande, opplyser Kjell Hugvig, kommunedirektør, i saksframlegget som skal opp i formannskapet 30. april.
Aktørar som Nord universitet, Nordlandssjukehuset og Forsvaret har tidlegare signalisert behov for eit internasjonalt skuletilbod.
– Det er for å kunne rekruttere og halde på internasjonalt personale. Samtidig har aktørane avgrensa handingsrom for direkte økonomiske bidrag, heiter det.
Kommunedirektøren anbefalar at skulen blir tilbydd lån på tre millionar krone med rente- og avdragsfridom i fem år, finansiert gjennom kommunen sitt næringsfond.
-
Innrømmet hærverk på biler
17. april 2025
En person er anmeldt og har fått pålegg om å ikke oppholde seg på Mørkved utenfor Bodø sentrum.
Vedkommende har erkjent å ha skåret hull i flere bildekk.
Politiet har hatt kontakt med mistenkte.
-
Meldte fra om truende person
17. april 2025
Politiet fikk i kveld inn melding om en truende person i Sortland sentrum.
Politiet har snakket med begge parter, og avslutter saker fra sin side.
-
Slik starter Bodø/Glimt mot Lazio
17. april 2025
Bodø/Glimt-trener Kjetil Knutsen har tatt ut følgende 11 til den svært spennende kvartfinalekampen mot Lazio torsdag kveld:
(4-3-3): Nikita Haikin, Fredrik Bjørkan, Jostein Gundersen, Odin Bjørtuft, Fredrik Sjøvold, Ulrik Saltnes, Patrick Berg, Håkon Evjen, Jens Petter Hauge, Ole Didrik Blomberg, Kasper Høgh.
Glimt er dermed uforandret fra den første kampen på Aspmyra forrige uke.
Ved seier kan nordlendingene bli det første norske herrelaget i en semifinale i en europeisk turnering noensinne. Men da må Lazio holdes unna på Olympiastadion, der det før kamp ventes opp mot 60.000 tilskuere.
I en eventuell semifinale for Glimt venter enten Tottenham eller Eintrach Frankfurt.
Kampstart i Roma er 21.00, og kampen kan følges på NRK Sport på radio eller sees på Viaplay.
-
Bodø/Glimt jakter semifinale i Europaligaen
17. april 2025
-
Varsler rakettoppskyting
17. april 2025
Torsdag eller fredag neste uke er det planlagt rakettoppskyting fra Andøya.
Det skriver VOL.no.
Andøya Space Center informerer om at det er en studentrakett som skal skytes opp, og at det er planlagt 24. april mellom 12:45 og 17:00. Fredag er satt opp som et reservevindu hvis det trengs.
Bildet er en illustrasjon fra en annen oppskyting.
-
Microsoft-direktør har kjøpt øyrike i Herøy
17. april 2025
Sakrisøya i Skibbåsvær, med omkringliggande øyer og holmar, har fått ny eigar, skriv Helgelands Blad.
Den er seld for 5.070.130 kroner.
Salet har gått frå Danny Charles F D'Hooghe til Michael Gall.
Førstnemnde kjøpte eigedomen, med eitt hus på rundt 90 kvadratmeter, for 2,5 millionar kroner i 2019. No har han selt unna til det dobbelte.
Advokaten som har handtert salet seier ho ikkje kan kommentere det, til avisa Helgelands Blad.
-
Fire scooterar gjennom isen
17. april 2025
Politiet har fått melding om at fire scootarar har gått gjennom isen på Unkervatnet i Hattfjelldal kommune.
Totalt fem personar er involvert. Ifølge politiet er alle gjort greie for og komne opp på land. Naudetatar er på veg til staden.
Klokka 13:48 opplyser politiet om at helsepersonell har kontroll på dei involverte. Det er ikkje meldt om andre skadar enn nedkjøling. Kommunen jobbar med å få stengt av vatnet.
Politiet oppfordrar alle i området til å forholde seg til at vatnet er utrygt og stengt. Dei vil no gjere undersøkingar på staden.
-
FOH-sjefen: – Ting går fort no
17. april 2025
– Vi er meir årvakne, vi oppdagar meir og er meir mistenksame, seier sjef for Forsvarets operative houvdkvarter (FOH), Rune Andersen til Forsvarets forum.
Han forklarar at mykje har skjedd i tida etter at han blei sjef for FOH for eit og eit halvt år sidan. Sjølv har han tatt ein pause frå fjellanlegget på Reitan. Under Joint Viking-øvinga treffer han kollegaer frå andre Nato-land og norske soldatar i felt.
– Det er eit sitat frå Lenin som seier «There are decades when nothing happens, and there are weeks where decades happen». Ting går fort no, også utviklinga i Nato, seier Andersen.
Han seier det blir jobba veldig mykje med det nordiske militære samarbeidet om dagen.
– Vi treng å synkronisere det nordiske samarbeidet betre og sørge for at vi kan føre fram styrker, bruke kvarandre sine basar og ha planar for det.